Tidenes thriller då M&R5 (Haram) vann 3. div avd 3E
Det må ha vore noko av det tettast seriemesterskapet på lang lang tid og avslutningssiffra sto ikkje attende for det. Før siste runde kunne 8 lag i teorien vinne og alle laga kunne i teorien rykke ned. Lag Haram vann til slutt med eitt VP men høyr her: Hadde lag Haram fått eit imp meir i mot seg eller lag Mælen fått eitt imp meir i sin kamp og då hadde det blitt innbyrdes oppgjer. DEN KAMPEN VANN LAG MÆLEN MED 1 IMP!! Så eitt imp i motsatt retning i to kampar hadde gjort at eitt imp i innbyrdes hadde snudd dei t trønderane sin favør.
Vinnarane frå venstre Torstein Hesseberg, Petter Haram, Tommy Skodje og Arnt Ola Fidjestøl. Arnt Vaagsæter er også med på laget.