Petter Haram og Torstein Hesseberg vann FX Securities cupen i Ålesund
Det vart ein "rysaravslutning" på årets FX Securitiescup. I siste runde møtte BK Grand paret Torstein Hesseberg og Petter Haram det paret som hadde leda stort sett heile turneringa, sunndalingane Jostein Ovrid og Steinar Ekren. Det endte med solid pluss for heimefavorittane. Ovrid og Ekren vart sendt heilt ned til femteplass, medan Petter Haram og Torstein Hesseberg vann. På andreplass følgte Bård Olav Aasan og Hallgeir Gåsø, Ogndal BK/Frøya BK. På tredjeplass kom Terje Lie og Jonny Hansen, BK Grand/Ski BK.
Så vidt vi kan bedømme storkoste alle seg i Ålesund denne helga. Det er berre å sette av helga neste år. Dette freista forhåpentleg dei fleste til gjentaking.