Klubbguide - GRATIS KLUBBUTVIKLINGSPROSESS FOR DIN KLUBB!!
21.- 22. mai var det organisasjonsdagar på Gardermoen. Kretsen var representert med Tore Langvatn. Han var med på klubbguideutvikling. Målet med klubbutviklinga er å føre bridgeklubben frå dagens situasjon fram til ein ønska situasjon. Dei klubbane som ynskjer det får besøk av ein skulert klubbguide som køyrer utviklingsprosessen i klubben. Klubbutviklingsprosessen er gratis for den enkelte klubb.
I kretsen har vi nå ein klubbguide, Tore Langvatn. Dersom din klubb ønsker klubbutvikling eller er interessert i kva dette er for noko, så ta kontakt med kretsleiar, Terje Lie, terje-lie@live.com eller klubbguide Tore Langvatn, tore.langvatn@heroy.kommune.no. Kretsen har ambisjonar om å gjennomføre besøk og klubbutvikling for alle klubbane, men med berre ein klubbguide foreløpig vil det ta litt tid å gjennomføre dette.