NyheterPåmelding NM lag
06.09.2013
Nå kan ein melde seg på til NM-lag. Frist for påmelding er 1. oktober. Påmelding kan gjerast her. Storturneringa i Molde vart vunne av Johnny Holmbakken og Bjørnar Hagen, Lillehammer BK
06.09.2013
Molde BK gjennomførete eit strålande arrangement siste helga i september då dei avvikla Molde Storturnering for første gong med heile 45 par. Johnny Holmbakken og Bjørnar Hagen vann turneringa foran Ole Berset og Terje Lie, Sunndalsøra/BK Grand og Jan Roger Strømsvåg og Steinar Ekren, Sunndalsøra på hhv andre og tredjeplass. BK Grand og Sunndalsøra BK er framleis dei dominerande klubbane i kretsen og dominerte resultatmessig, men med den satsinga som er rundt om i ein del klubbar, ikkje minst Molde BK, så er det ikkje lenge før fleire klubbar melder seg på i premiestriden. Resultatliste her. Terje Lie og Nils Kåre Kvangraven, BK Grand - Norgesmeistrar!!
09.08.2013
Terje Lie og Nils K Kvangraven vart norgesmeistrar for andre år på rad. Det var berre snakk om at to par kom til å kjempe om tittelen. Tromsøparet P. Marstrander og R. Anderssen leda lenge, men til slutt kom Terje og Nils opp på sida og sa farvel. I mellom dei to NM-titlane har paret også fått med seg ein europamestertittel, så det er berre eit tidsspørsmål før dei er på landslaget. Vi gratulerer !! Petter Helge Haram/Torstein Hesseberg og Asbjørn Kindsbekken/Roar Voll var også lenge med blant den beste fjerdedelen, men hamna til slutt på 38. og 35. plass. Det fjerde paret Svein Jarle Bjerkevoll og Jon Terje Storsten kom veldig skeivt ut frå hoppkanten, men frå botnplassering klatra dei etterkvart litt og hamna litt under middels på 53. plass. Resultatlista her.
Haustens turneringar!
28.07.2013
Molde storturnering - 30.- 31 august. Påmelding her. KM singel Vestnes - 12. oktober. Påmelding her. BK Grand storturnering - 26.-27 oktober. Påmelding her. 4. divisjon Vestnes - 9. november. Påmelding her. Terje Lie, BK Grand bronsemedaljør i Europamesterskapet 2013
09.07.2013
Terje Lie og makker Nils Kåre Kvangraven sto for ei bragd ingen nordmenn før har klart då dei som dei første fekk EBL-trofeet med heim til Norge. Dei kom på tredjeplass i EM, men var beste europeiske par. GRATULERER!! (Bilde: Kurt-Ove Thomassen) Video frå premie utdelinga her. (Terje og Nils Kåre 14.20 min ut i videoen) Resultatliste her.
Molde Bridgeklubbs storturnering 30. aug.- 01. september
16.06.2013
Imånadsskiftet august/september arrangerer Molde Bridgeklubb storturnering. Det er berre å merke av dagen. Innbyding her. Påmelding til hovudturneringa her. Til velkomstturneringa her.
Lag Hartvigsen vann KM lag 2013
21.04.2013
Lag Hartvigsen vann KM lag 2013. På laget spelte Hallgeir Hartvigsen, Lars Ove Remvik, Jon Terje Storsten og Arnt Ola Fidjestøl. På andreplass kom Sunndalsøra BK med Steinar Ekren, Reidar Mikkelsen, Bjørn Ivar Lange og Asbjørn Kindsbekken. Siste plassen på pallen gjekk til lag Lie med Terje Lie, Helge Bremnes, Eirik Chr. Natvik og Haldor Sunde. Resultatlista ligg her. 1, mai-turneringa på Skodje
31.03.2013
1. mai er det igjen klart for 1. maiturneringa på Skodje. Påmelding her. Kontaktperson er Petter Haram. Biletet til høgre er henta frå ein av dei mange premieutdelingane han har delteke i.
|