Severin Fløystad. 100 år og fast innslag på klubbkveldane.
Ingen i klubben trudde dei spelte mot ein 100-åring i klubben før det vart opplyst om det. Årsaken til det er enkel. Det er ingenting som skulle tilseie at han var så gammal. Han spelar godt,han spelar fort og han er omgjengeleg.
På biletet til høgre er han i aksjon mot Eirik og Karl Oskar. Med ungfolen Oscar Dag på 76 år som makker.
Severin lærte seg bridge under 2. verdenskrig fortel han. På spørsmål om ikkje han syns det er slitsomt med 27 spel på mandagsbridgen. Det er ingenting i vegen med hovudet. Det er beina som er problemet. Severin er opprinneleg frå Arendal, men har ifølge han sjølv budd så lenge i Ålesund at han kjenner seg som ein Ålesundar.
BK Grand set stor pris på og er stolt over å ha Severin i klubben.