På spelekvelden 11. juli fekk dei frammøtte spelarane den triste meldinga: Rolv Sunde var gått bort førre torsdag 7. juli. Rolv har vore trufast medlem og spelar i BK Grand i alle år og spelte så seint som måndag 4. juli. Han var ein person det var umulig å mislike. Alltid i godt humør og venlegsinna mot både motstandarar og makker. Dei fleste som spelar i BK Grand har opplevd å bli rundspelt av Rolv. Han var ein god spelar og sidan han var så hyggeleg så var det også lettare å akseptere at ein av og til vart finta opp på tribuna. Eit døme på kor flink han var finn du her.
Dei siste åra har Rolv spelt regelmessig i klubben med Arne Kaaresen. Det er ikkje få klubbkveldar dei har sigra sidan dei byrja spele saman.
Du kjem til å verte sakna Rolv. Fred over ditt minne!