Viktig melding! Tidenes fadderturnering på Vestnes 4. mai!!
Sett av datoen 4. mai! Då arrangerer kretsen fadderturnering på Vestnes. Rekrutteringsarbeidet er særdeles bra i kretsen for tida, med kurs i Ålesund, Haramsøya, Brattvåg, Molde, Haramsøya og Sunndalsøra... og kanskje endå fleire plassar. Vi ynskjer ikkje å rekruttere til heimebridge, vi ynskjerer å rekruttere til turneringar. Alle vi som spelar aktivt er vel samde om at det er turneringsbridgen vi lever og ånder for? Vel på Vestnes 4. mai satser vi på tidenes moblilisering. Vi arrangerer ei turnering der para skal vere miksa med ein rutinert spelar og ein som har lært seg bridge i løpet av siste året. Vi arrangerte ei liknaden turnering i Ålesund i mars. Alle som deltok der av kursistar og fadderar synst det var kjempeartig. Den gong var det 8 par. Denne gongen er er det god grunn til å tru at vi skal kunne bikke 20 par!! Alt avhenger av oss faddera at vi får mobilisert blant nybegynnerane. Frå Ålesund kjem garantert mange, tipper det også kjem mange frå Brattvåg. Lukkast vi med dette vert vi beste kretsen i landet på rekruttering, og vi likar å vere best i dette fylket?:)