NyheterBK Stranda med heimeside
22.11.2012
Nå er også Stranda BK på nett. Du finn heimesida her. Berre å bokmerke. Resultatservice frå 3.- og 4. divisjon
02.11.2012
3. divisjon: Dei fleste Møre og Romsdal lag er framleis med i racet om opprykk til 2. divisjon. Best an ligg Møre og Romsdal 6, Stene an. Dei ligg på 2. plass i Hordalandspulja etter første helg, berre eitt poeng bak dei som leiar. Møre og Romsdal 5, Hartvigsen ligg på 4. plass 10 poeng bak dei som leiar. Møre og Romsdal 7, Fidjestøl ligg også bra an. Dei leia før siste kampen, men 15-15 etter første halvrunde i den siste kampen gjer at dei nå ligg på 4. plass, 6 poeng bak dei som leiar. 4. divisjon: Her leiar lag Fosnavåg rimeleg suverent i Ålesundspulja og Molde leiar nordmørspulja suverent. Resultat 3. divisjon Hordaland ligg her. Resultat 3. divisjon Sogn og Fjordane ligg her. Resultat 4. divisjon Ålesund ligg her. Resultat 4. divisjon Nordmøre ligg her. Frode Johnstuen og Johnny Holmbakken, Lillehammer BK vann FX Securities cup 2012
22.10.2012
FX Securitiescup 2012 er unnagjort for denne gongen og suverene vinnarar vart Frode Johnstuen og Johhny Holmbakken, Lillehammer BK. På dei neste plassane følgde Asbjørn Kindsbekken og Roar Voll, Sunndalsøra BK/Tynset BK og Ole Berset og Ulf Tundal, Sunndalsøra. Turneringa må betegnast som ein storsuksess med 40 % auke i forhold til i fjor og berre vellåt blandt spelarane som kom frå heile 36 klubbar fordelt på 36 klubbar. Resultatlista ligg her. Les meir om turneringa på BK Grand sine sider her. For dei som er på Facebook kan du m.a sjå bilder her. På biletet til høgre ser du vinnarane.
Lokale turneringar
22.09.2012
19. - 21. oktober. FX Securities Cup i Ålesund. Innbyding her. Påmelding Velkomstturninga her. Hovudturneringa her. 27. oktober. Moldecupen. Innbyding med påmelding her.
NM-lag 2012/13
14.09.2012
Frist for påmelding til NM-lag er 1. oktober. I år er det særleg interessant å melde seg på då avstanden til finalen blir overkommeleg. BK Grand i Ålesund satser på å arrangere tidenes NM-lag finale i mai. Så her er det berre å hive seg rundt å melde seg på. Meir informasjon på forbundet sine sider her. Invitasjon til 4. divisjon
13.09.2012
På tide å tenke på å danne lag til årets 4. divisjon. Invitasjon ligg her. Nok ei vellukka helg til endes i Fosnavåg!
10.09.2012
Neptun cup vart avhelde i Fosnavåg i helga. 23 par stilte til start i parturneringa laurdag, medan 11 lag stilte til start søndag. Ekstra hyggeleg at eit lag frå Berkåk stilte til start. BK Grand tapeteserte pallen i parturneringa. Terje Lie og Rune Skodje vann, føre Kay Robert Brastad og Tommy Skodje med Petter Haram og Torstein Hesseberg på tredjeplass. I lag vart det delt seier, mellom Haramsekspressen (Torstein Hesseberg - Petter Haram, Hallgeir Hartvigsen - Lars Ove Remvik) og lag Vinjevoll Oddbjørn Vinjevoll - Jørund Årdal, Haldor Sunde - Odd Egil Nygård). På tredje plass kom Måløy 1 (Roy Arne Landsverk - Karl Ottar Rundareim, Olav H Kvalsvik - Frode Sørdal). Kretsen gratulerer! På biletet til høgre dei to vinnarlaga. Resultatliste par her. Resultatliste lag her. Terje Lie, BK Grand, norgesmester!!!
09.08.2012
Terje Lie, BK Grand er norgesmester 2012. Denne bragda klarte han saman med leigesoldaten Nils Kåre Kvangraven, frå Kristiansand. (meir under...) Det såg mørkt ut i midten av første sesjon då dei låg desidert sist. Dei nytta imidlertid dei komande sesjonane særs godt og forserte likegodt heile feltet. I sjette sesjon låg dei urokkeleg på 1. plass heilt til fløyta gjekk. Dei endte tilslutt ca 150 poeng foran nummer 2 Sam Inge Høyland og Trond Hantveit som representerte Top Bridge. Dei var dei einaste som var i posisjon til å true Lie og Kvangraven på slutten. 3. plass gjekk til NBF Oslo, Anders Fodstad og Gunnar Nordby. Gratulerer Terje og Nils!! Gratulerer også til Sunndalingane Asbjørn Kindsbekken og Roar Voll. Dei var berre 32 poeng frå pallen og havna på 4de plass, også dette knallbra! Dette må seiast å vere ein jubeldag for kretsen.
Full resultatservice her.
|