NyheterHeimeseier på Rekdal
02.06.2012
Gunnar Ødegaard og Torbjørn Amdam frå Vestnes BK vann årets Juniknekt. Dei vann foran Petter Haram og Kay Robert Brastad, BK Grand og Asbjørn Kindsbekken - Bjørn Ivar Lange, Sunndalsøra. På biletet til høgre ser vi Gunnar gå fram for å hente ein førstepremie ved eit anna høve. Resultatliste her. Favorittseier på Skodje
01.05.2012
Det var ikkje uventa Terje Lie og Haldor Sunde BK Grand/Stryn BK som van årets 1. maiturnering på Skodje. Dei vann komfortabelt foran Asbjørn Kindsbekken og Bjørn Ivar Lange, Sunndalsøra BK og Arnfinn Rudi og Geir Trengereid, BK Grand. Til høgre ser vi Terje. Resultatliste her. Erna Einara Nerbø og Sigmund Bakkemyr, Aukra BK kretsmestera i mix 2012
29.04.2012
Erna Einara Nerbø og Sigmund Bakkemyr frå Aukra vann KM-mix i Brattvåg. Kretsen gratulerer! Dei vann med lik score som nr. 2. Dermed var det innbyrdes som gjaldt og der slo dei Anne Berit Moldestad og Jon Terje Storsten, BK Grand med 2 poeng! På tredjeplass kom Cecilie Sandvik og Inge Dyrkorn, Molde BK. Siste premieplass til Susann B. Farstad og Arnt Ola Fidjestøl, BK Grand. Resultatliste her. Dei glade vinnarane på biletet. Poenghøsten BK Grand
23.04.2012
BK Grand inviterer til Poenghøsten turnering 23. april. Poenghøsten vil si at i stedet for klubbpoeng så deler man ut kretspoeng. BK Grand håper flest mulig vil delta. Spillingen starter som vanlig klokka 18.30 og det vil være 27 spill. Det er ingen forhåndspåmelding, møt opp ved spillestart. Samtidig så minner vi om KM-mix par søndag den 29. april -Påmelding. 1. mai turnering på Gomerhuset på Skodje - Påmelding. Terminliste 2012/13
21.03.2012
Terminlista for neste sesong er lagt ut. Klikk på terminliste oppe i toppmargen. Neste års terminliste vil ligge til venstre. Flott bulletin frå KM-par
13.03.2012
Nils Kåre Kvangraven er ein allsidig kar. Ikkje berre er han ein framifrå bridgespelar som må reknast som ein som klart aspirerer til NM-tittelen i år, han er også ein skrivefør kar. Noko denne bulletinen frå KM-par er eit bevis på. Bulletinen les du her. Jon Terje Storsten og Svein Jarle Bjerkevoll kretsmestrar for par!
21.02.2012
Svein Jarle Bjerkevoll og Jon Terje Storsten, BK Grand vart årets krestsmestra for par. På dei neste plassane kom på andre Terje Lie BK Grand med innhenta leigesoldat Nils Kåre Kvangraven. På tredje kom Ole A Berset og Reidal Mikkelsen frå Sunndalsøra BK. Desse tre var dermed kvalifisert til å spele NM-finalen i Fredrikstad seinare i år. Reidar og Ole har imidlertid sagt frå seg plassen. Dermed vert Asbjørn Kindsbekken og Roar Voll, Sunndalsøra BK det tredje paret. Vi ynskjer lukka til, sjølv om dette kan verte ei dyr affære for kretsen til slutt. Para i frå fylket vårt har det med å havne i norgestoppen og dermed auke kvoten til neste år. Til høgre ser vi halvparten av vinnarparet, Svein Jarle Bjerkevoll under ei tidlegare premieutdeling i år. Resultaliste her. Middels for våre lag i 1.- og 2. divisjon
13.02.2012
Dei to beste laga våre i 1.- og 2. divisjon enda opp som middelhavsfarar i årets SM. 2. divisjonslaget vårt var imidlertid med å kjempa om opprykk til det gjensto eit par kampar. Då vart det imidlertid bråstopp. 1. divisjonslaget vårt (Lie - Kindsbekken - Voll - Kvangraven - Berset - Ekren) enda på 8. plass og 2. divisjonslaget vårt (Vinjevoll - Årdal - Sunde - Skov - Holmøy - Vist) enda på 6. plass. Det var forøvrig lag Vestfold (Kopstad - Kopstad - Berg - Svendsen - Rekstad - Tøndel) som vann. Kretsen gratulerer! Resultat 1. divisjon her. Resultat 2. divisjon her. På biletet (henta frå forbundet sine sider) ser vi Oddbjørn Vinjevoll i aksjon mot Hordalands Frank Sandvik.
|