NyheterZe Ying Lam og Terje Lie vann mixturneringa i Ålesund
17.10.2009
12. par stilte til start på laurdagens mixturnering i Ålesund. Favorittane Ze Ying Lam og Terje Lie vann føre Jorunn Waage Doran og Kristen Skodje Midtlid med Monica Austnes og Jon Terje Storsten på tredje.
Terje Lie og Eirik Chr. Natvik , BK Grand vann suverent i Brattvåg
03.10.2009
Terje Lie og Eirik Chr. Natvik vann greit i Brattvåg. Dei vann føre Tore Langvatn og Thorleif Hagen, Fosnavåg BK/Ulstein BK og Ze Ying Lam og Arnt Ola Fidjestøl, Singapore/BK Grand. Resultata kjem her. Brødrene Hildremyr vann hyggeturnering i Ålesund - NÅ MED BILETE
28.09.2009
Det vart brødrene Svein og Terje Hildremyr frå Brattvåg&Søvik som til slutt vann ein komfortabel seier i hyggeturneringa arrangert 26. sept i Ålesund. Dei vann føre ålesundarane Anja Wold og Arne Holen og vestnesingane Per Skotte og Jon Terje Storsten. Gledelege 18 par stilte til start. Resultatlista er her. Bilete frå turneringa ligg her. Brattvågturneringa 3. oktober. Innbyding.
19.09.2009
Vestnes har fått seg heimeside
15.09.2009
Vestnes BK opplever ein oppadgåande trend i oppslutnaden kring spelekveldane. Dette er nok ein av grunnane til at dei også nå har fått ei god og artig heimeside. Du finn den her. Ei bunke med bilete frå Fosnavåg Open er lagt ut
13.09.2009
Nå er det lagt ut nokre bilete frå den trivelege turneringa i Fosnavåg. Du finn dei oppe til høgre under linken Galleri. Eller dersom du er meir makeleg anlagt så kan du klikke her. Klart for påmelding NM-lag
12.09.2009
Denne gongen går NM-finalen i Ålesund og nå er det klart for påmelding. Kretsen håper at flest mogeleg i frå fylket melder seg på. Påmeldinga kan gjerast her. I fjor melde Arnt seg på. Det angra han ikkje på. Fosnavåg open - Feil resultatrapp. førte til endringar i toppen
06.09.2009
Halvparten av vinnarlaget Hallgeir og Lars Ove mot Bjørgvin og Oddbjørn. Feilscoring i kampen mellom Kløverknekt og Geisler førte tilendringar på pallen. Lag Kindsbekken overtok andreplassen, medan Geislerdatt ned på tredjeplass. 13 lag stilte på startstreken søndag. Då var det lagturneringa som gjekk av stabelen. Då røyken hadde lagt seg trona BK Grand 2 øverst på resultatlista. På laget spelte, Oddbjørn Johansen, Sindre Rovde, Halgeir Hartvigsen og Lars Ove Remvik. På andreplass kom lag Kindsbekken, med Asbjørn Kindsbekken, Terje Lie, Steinar Ovrid og Ole A Berset. På tredje plass følgde Geisler. På det laget spelte Kenneth Skov, Haldor Sunde, Oddbjørn Vinjevoll og Bjørgvin Viglundson. Resultatservice her.
|