Terje Lie og Nils Kåre Kvangraven, BK Grand - Norgesmeistrar!!
Terje Lie og Nils K Kvangraven vart norgesmeistrar for andre år på rad. Det var berre snakk om at to par kom til å kjempe om tittelen. Tromsøparet P. Marstrander og R. Anderssen leda lenge, men til slutt kom Terje og Nils opp på sida og sa farvel. I mellom dei to NM-titlane har paret også fått med seg ein europamestertittel, så det er berre eit tidsspørsmål før dei er på landslaget.
Vi gratulerer !!
Petter Helge Haram/Torstein Hesseberg og Asbjørn Kindsbekken/Roar Voll var også lenge med blant den beste fjerdedelen, men hamna til slutt på 38. og 35. plass. Det fjerde paret Svein Jarle Bjerkevoll og Jon Terje Storsten kom veldig skeivt ut frå hoppkanten, men frå botnplassering klatra dei etterkvart litt og hamna litt under middels på 53. plass.