Storturneringa i Molde vart vunne av Johnny Holmbakken og Bjørnar Hagen, Lillehammer BK
Molde BK gjennomførete eit strålande arrangement siste helga i september då dei avvikla Molde Storturnering for første gong med heile 45 par. Johnny Holmbakken og Bjørnar Hagen vann turneringa foran Ole Berset og Terje Lie, Sunndalsøra/BK Grand og Jan Roger Strømsvåg og Steinar Ekren, Sunndalsøra på hhv andre og tredjeplass. BK Grand og Sunndalsøra BK er framleis dei dominerande klubbane i kretsen og dominerte resultatmessig, men med den satsinga som er rundt om i ein del klubbar, ikkje minst Molde BK, så er det ikkje lenge før fleire klubbar melder seg på i premiestriden.